Av og med: Anne Grete Johnsen, NUK/NTF

Artikkel hentet fra NTH Bladet nr 3 – 2017 // side 28-29

Som andre tradisjonelle merkedagar i eit år, har også
NUK sine dagar. For NUK-medlemmar og dei som
har interesse for utstilling, er det ungfuglskue vi no
snakkar om.


I juni i år blei utstillinga lagt til Sarpsborg. Blåfrosne
nordvestlendingar reiste nedover i god tid, til sommar
og sol, og ein blid og imøtekomande austfold gjeng,
som var arrangørar.


Allereie torsdag sein ettermiddag var dei i sving med
å rigge opp fuglereolane på hotellet, der utstillinga
blei arrangert. Sjølv om dei hadde ein del å gjer,
tok dei seg alle tid å ta i mot besøk i sine respektive
voliere. 

Vi fekk omvising, blei fortalt og forklart og
dei svarte villig vekk på spørsmål vi måtte ha. Ein var
også med på å lage ein liten undervisningsfilm, som
medlemmar i NUK kan gjer seg nytte av på Norsk
Undulatklubb si FB-side for medlemmar

Fuglane blir sortert og sett i gruppa dei tilhøyrer

Utover fredagen kom fleire til, frå fjernt og nært. Etter innsjekking og registrering av fuglane var unnagjort, blei det arrangert fellesmiddag. Dommarar og nokre til frå Danmark hadde teke turen og det var verkelig kjekt å få helse på og prata med dei.

Det var også gledelig at fleire blei med på utstillinga som ikkje hadde med seg fugl, men som var der for å lære og som har som mål å stille.
Sjølve utstillinga starta på laurdags føremiddag.
Lass Voss og Bjarne Christiansen, begge frå Danmark var dommerar.
 

Sjølv om det ikkje deltok så mange utstillerar iA-klassa, var det likevel ganske mange fuglar som sjekka inn. 104 stk . Svært mange haldt ein god
kvalitet.
Det at det blir gitt tid og rom for litt forklaringar under vegs, kva legg akkurat denne dommaren/ane vekt på, kvifor gjer ein dei vala ein gjer og viser forskjellar, det er verdifullt å få med seg.
Det bli det gjort i alle klassene. Sjølv om ein ikkje får med seg alt, så fell der
setningar og ord ein kanskje har grubla på, og ting kan falle på plass. Eller, oj, dette var heilt nytt for meg.
På ei utstilling blir det kåra fleire vinnerar og ikkje berre ein.

Gratulasjonar til alle klassevinnarane!
( sjå liste) I og med NM gjekk ut i fjor, blei det kåra Noregsmeister 2016 på denne utstillinga. Gratulerer til Lasse Ekanger, Sarpsborg, som stakk av med NMtittelen med sin Nt grågrøne hanne!
For å få ei utstilling til å lykkast, er det mykje arbeid som skal på plass. I kulissene var det to driftige damer som stod på jobba frå tidlig morgen til
seine kvelden, og sørga for at vi som deltok fekk mat.

Nt grågrøn han, kåra til noregsmeister 2016
Premiebord
Dommerane, Lars Voss og Bjarne Christiansen i aksjon

Dei australske/fargeundulatane var først framme. Ute i Europa har denne type fugl fått sin renessanse, og Norge heng med. På dei seinare
utstillingane i Tyskland har ca. 25-30 % av fuglane vore
australske. 

I Danmark er det pr. i dag ca. 25%. Dette er ikkje prosentvis antal vi kan skilte med her i Norge, men det er å håpe at antalet vil stige etterkvart. Då var det også ekstra kjekt å høyre at vinnaren i denne klassa var ein god representant for dei australske også om ein samanlikna den med andre land.


Den største utfordringa med å ver dommarar mht. denne typen fugl er at så mange mutasjonar er blitt miksa saman. Dette forvanskar jobben, då ein også dømmer ut frå farge og mutasjon.
Der har ein ein jobb å gjer, og ikkje berre her i Norge. Det at heilt nye utstillerar kjem til, som dei var dei som deltok i B-klassa utstillingsundulat, er noko vi opplever som veldig positivt og dei blei godt motteken. Når ein er ny kjem tanken lett om at nei, eg har ikkje noko å stille med, det er nok ikkje noko vits i og kanskje kjenner ein på at ein kastar vekk tida til dommerane.
Det var vits i, det var fine fuglar og det var slettes ikkje å kaste vekk tida til nokon.
Dei som stilde utrykte stor positivitet over opplevinga i det å stille.Spontane gledestårer og jubel kunne ikkje haldast tilbake av klassevinnaren, då denne blei kåra..

Damene i sving i bakgrunnen

I den korte pausa mellom utstillinga og undervisning, som igjen blei etterfulgt av årsmøte/ generalforsamling, stod maten ferdig påsmurt og
klar.
Vi fekk nyte eit godt måltid med ferske påsmurte baguettar samt kake, før vi hasta vidare. Medan vi var på møte, ordna damene til for kvelden.
Då skulle det ver festmiddag, premieutdeling, lotteri og sosialt lag.

Vi rakk ei lita pause samt kle-skift og kunne kom å sette oss til eit flott pynta festbord og eit veldig rikhaldig utval av svært godmat. Igjen styra damene på kjøkkenet og sørga for at alt gjekk på skinner, og at
det blei ein svært koselig kveld.
Tusen takk til Austfoldgjengen som laga til eit så flott arrangement, og ei særskild takk til May Liss Jensen og Anita Ekanger!

Kor gjekk det med underteikna som utstillar for første gong i A-klassa?
Det er ikkje anna å gjer enn å le. Det gjekk den vegen høna sparkar.
Eg såg kor det låg an eit par veker før utstillinga. Fuglar som er ute året rundt og som var i storfelling, då har ein ikkje mykje å stille med. Halefjør
som mangla og halefjør på skeiva osv osv.
Like etter innsjekking oppdaga eg at den som såg best ut, såg ut til å ha ei laus halefjør han også. Halefjøra var fortsatt der den skulle ver om morgonen på utstillingsdagen. Halefjøra var der også under sjølve dømminga, men då i botnen på kassa…..
Jammen fann dommaren noko fint å sei om fuglen likevel.
Då var eg fornøgd!
Nye sjangsar kjem. Neste gong på Landsutstillinga i
Drammen no i oktober, der NUK arrangerar
NM 2017.